Norske vintervegar kan by på utfordringar. Å ta ibruk gode råd kan gjere bilturen tryggare, enklare og meir omsynsfull. Foto: Presis vegdrift Statens vegvesen

– Vi ønskjer turistane velkomne til Noreg, og vil gjerne vise kva det vakre landet vårt – og vegane våre – har å by på. Samtidig ønskjer vi at det skal vere trygt og hyggjeleg for alle – både for turistane og dei fastbuande, seier Trine Kanter Zerwekh i Statens vegvesen.

Nyttige tips og viktige reglar

Vintersidene www.vegvesen.no/vinter utfyller nettsidene som kom før sommaren. Bilturistane får vite kva som er nødvendig, og kva som er lurt, å ha med i bilen når ein skal ut på uføreseielege vintervegar. Dei får vite kva slags dekkutrusting vi krev i Noreg, og kva dei kan vente seg på fjellovergangar og andre vêrutsette stader. Og – ikkje minst – dei får råd om å tilpasse farten til forholda. Snø- eller isdekte vegar er glatte. Dette kan vere nytt og overraskande for mange. På sidan informerer Vegvesenet også om norske trafikkreglar, og dessutan kjem med nokre «formaningar» om kva ein ikkje kan gjere langs vegen.

Smalare veg – dårleg plass

– Vi ser at parkering langs veg er utbreidd, også om vinteren. Då gjer snøen vegane endå smalare enn om sommaren, og samtidig er det mørkt og ofte dårleg sikt. Dette skaper farlege situasjonar. Det er uansett ikkje greitt å stoppe langs vegen for å sjå på nordlyset, beundre utsikta eller ta bilete, seier Kanter Zerwekh, som fortel at enkelte også finn det for godt å tenne bål – anten langs vegen eller på møteplassar.

– Skal ein sjå på utsikta eller ta bilete, må ein først svinge av frå vegen og stoppe på eigna stad, seier Kanter Zerwekh

– Møteplassane våre er ikkje rasteplassar eller laget for camping. Dei er veglommer der ein kan køyre til sidan når vegen er for smal til at ein kan passere i vegbanen. Det blir fort kaos om desse plassane er okkuperte av campingturistar.

Last ned Vegvesenets trafikk-app

Besøk vegvesen.no/trafikk eller last ned trafikk-appen. I appen kan du setje opp varslingar, sjekke køyreforhold på webkamera og status på fjellovergangar, finne rasteplassar, sjå vêrutsette og stengde veg og mykje annan nyttig trafikkinformasjon.

Last ned Vegvesen trafikk frå App Store

Last ned Vegvesen trafikk frå Google Play

Oppfordrar reiselivsnæringa til å informere

Trine Kanter Zerwekh oppmodar aktørane i reiselivsbransjen til å informere kundane sine om turistsidene på Vegvesenets nettsider.

– Sidene er på engelsk og norsk. Ved hjelp av KI er det forholdsvis enkelt å omsetje tekstane til andre språk òg, seier Kanter Zerwekh.