Måbødalen - opna ny rasteplass med gjenbruk av stein
Torsdag 2. oktober opna Måbø bru rasteplass langs riksveg 7. Prosjektet er ein del av arbeidet med å ruste opp Nasjonal turistveg Hardangervidda.
Rasteplassen ligg like nedanfor Måbø bru, ei steinkvelvbru frå 1910 over elva Bjoreio ved utløpet av Måbøvatnet i Måbødalen.
Den opphavlege rasteplassen frå 1990-talet er no oppgradert med sitjebenkar, vegetasjon og universelt utforma tilkomst. Målet har vore å skape ein open og vennleg stad som inviterer til ein god pause i den vakre naturen. 3RW arkitekter AS står for utforming av oppgraderinga med ansvarleg arkitekt Sixten Rahlff. I arbeidet har arkitekten lagt stor vekt på gjenbruk av stein.
– I dette prosjektet har vi gjenbrukt stein frå denne rasteplassen og frå Dalberget rasteplass, lenger oppe i Måbødalen. Steinen er brukt til tørrmurar langs begge sider av tilkomstrampa og rundt opphaldsområdet. Grove skifferheller frå eit anna turistvegprosjekt er skorne i avlange former og brukte som stolpar i rekkverket, fortel Per Finborud, plan- og prosessleiar i Statens vegvesen Nasjonale turistvegar. Små tre frå nærområdet er planta mellom dei nye skiferbenkane.
Anleggsarbeidet vart lyst ut som ein open tilbodskonkurranse i januar 2025, og Mesta AS fekk tildelt oppdraget. Arbeidet starta i april og rasteplassen stod ferdig i september 2025. Prosjektet er ein del av satsinga på å utvikle Nasjonal turistveg Hardangervidda til ei heilskapleg reiseoppleving, der det storslåtte høgfjellandskapet på Hardangervidda møter den dramatiske naturen gjennom Måbødalen med bratte fjellsider, djupe juv og mektige fossar.
Byggherre: Statens vegvesen Nasjonale turistvegar
Arkitekt: 3RW arkitekter AS ved arkitekt Sixten Rahlff
Entreprenør: Mesta AS, avdeling Førde