Programleiar Brit Polden nyt utsikta over dei 11 hårnålssvingane i Trollstigen. Foto: Tor Sivertstøl

Den nye serien «Nasjonale turistvegar» tek publikum med til kjende og kjære stoppunkt som Geiranger–Trollstigen, Lofoten, Atlanterhavsvegen og Varanger, og byr på storslått natur, sterke forteljingar og møte med menneska langs vegen.

Programleiar Brit Polden leiar sjåarane gjennom serien, som er laga som ein feelgood-produksjon med naturen i hovudrolla. Første sesong består av seks episodar og gir eit breitt blikk på både dei ikoniske vegane og opplevingane i nærområda.

Ei kvinne står ved eit filmkamera og ser ut over fjellandskapet.
Opptaka til tv-serien er gjort i 2024. Det kan bli fleire sesongar, om interessa er stor nok. Foto: Tor Siverstøl

Vil vise naturen – ikkje arkitekturen

Initiativet til serien kjem frå Tor Siverstøl som driver produksjonsselskapet Siverstøl Film. Han fortel at inspirasjonen kom då han jobba med Oddgeir Bruaset.

– Då vi køyrde land og strand for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», passerte vi fleire av dei nasjonale turistvegane. Eg tenkte: Desse fantastiske vegane fortener ein eigen serie, seier Sivertstøl.

Trass i at Statens vegvesen ikkje har hatt ei formell rolle i produksjonen, har etaten vore positive til prosjektet. Serien legg hovudvekta på naturen og opplevingane langs vegane, heller enn arkitektur og kunstinstallasjonar.

Ein mann og to kvinner står ved eit utsiktspunkt på Flydalsjuvet.
Fotograf Tor Siverstøl og programleiar Brit Polden saman med seksjonsleiar Silje Myhre Amundsen i Statens vegvesen på Flydalsjuvet ved Geiranger.

– Dette er ikkje eit arkitektur- eller kunstprogram, men eit program som vil formidle den fantastiske naturen langs våre 18 nasjonale turistvegar. Mange kjenner framleis ikkje til arbeidet vi gjer, eller at satsinga er ein del av Statens vegvesen. Gjennom denne serien håpar vi at fleire får auga opp for dette, seier seksjonssjef i Statens vegvesen, Silje Myhre Amundsen.

Amundsen medverkar sjølv første episode av serien som vart spelt inn på Flydalsjuvet ved Geiranger våren 2025. Her fortel ho om bakgrunnen for satsinga på nasjonale turistvegar og korleis vegane skal gi både tilgjenge og naturopplevingar i verdsklasse.

Serien tek utgangspunkt i sjølve vegstrekningane, men byr òg på avstikkarar med tips til opplevingar, møte med lokale eldsjeler og glimt av historia langs ruta. Målet er å gi sjåarane inspirasjon til å oppleve Noreg.

– Dette er Noregsferie på sitt beste. I vinter får du sjå vegane våre på ein heilt ny måte, heiter det frå NRK.

Opnar for fleire sesongar

Om serien får fleire sesongar, er førebels uvisst. Det vil i stor grad avhenge av mottakinga hos publikum. – Det hjelper veldig at denne første sesongen får mange sjåarar og merksemd, seier Sivertstøl.

Første episode vart send på NRK1 måndag kveld 5. januar, men serien er å sjå når som helst i NRK sin strøymeteneste NRK TV.