Offisiell opning av ny turistvegattraksjon langs Lærdalsfjorden
Tysdag 20. oktober opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass på Røyrnes langs fylkesveg 5627 i Lærdal kommune.
Som del av satsinga på Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet er det etablert ein ny rasteplass på Røyrnes om lag fire km vest for Lærdalsøyri. Rasteplassen er ein populær stoppestad for både turistar og lokalbefolkninga, og ligg vakkert til ved Lærdalsfjorden.
Målet med prosjektet har vore å gjere rasteplassen tryggare med regulert av- og påkøyring frå fylkesvegen. Det er også etablert eit moderne toalettbygg og tilrettelagde opphaldsareal med møblar og god plass for ein rast.
Toalettbygget har eit HC-WC og to unisex-toalett samt eit teknisk rom. Rasteplassen har òg fått betre tilgang til fjorden gjennom ei ny rastetrapp, der besøkande kan kome tett på vatnet og nyte utsikta over Lærdalsfjorden.
- Røyrnes er ein flott stoppestad på køyreturen over Aurlandsfjellet. Med nytt servicebygg, opphaldsareal, god parkering og enkel tilgang frå vegen ligg alt til rette for at vegfarande kan ta ei god pause i møtet mellom fjord og fjell, seier Silje Myhre Amundsen, seksjonsleiar for Nasjonale turistveger i Statens vegvesen.
Rasteplassen har kapasitet til elleve personbilar, inkludert éin HC-plass, fem bubilar i tillegg til avfallshandtering.
Anlegget på Røyrnes er eit av fem turistvegprosjekt Statens vegvesen har etablert langs Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet. Andre kjente turistvegtiltak er utsiktspunktet Stegastein, rasteplassane Sluppen og Flotane og kunstinstallasjonen «Den» av Mark Dion på Vedahaugane.
Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Jensen og Skodvin Arkitektkontor AS v/ Jan Olav Jensen
Konstruksjonsteknikk: Degree Of Freedom AS
Entreprenør: Brun Bygg AS