Innsjøen Ørteren øst på Hardangervidda, 1140 meter over havet. Foto: Helge Stikbakke, Statens vegvesen

-Vi er svært godt nøgd med å signere kontrakt med ein dyktig og lokal entreprenør som også har driftsansvar for Rv7, seier Per Finborud, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardangervidda i Statens vegvesen.

Representanter fra entreprenøren og byggherre foran lokalene til Statens vegvesen.
Frå venstre: Knut Løvstuen/ PL GTS, Per Finborud/ PL NT, Roger Kjenås/ daglig leder GTS, Silje Myhre Amundsen A/SL NT, Sigbjørn Mørk/ drift GTS og Kjell Arne Jøndal Steine/ pro.koordinator NT. Foto: Statens vegvesen

Rasteplassane Vardestopp og Ørteren ligg vakkert til med sikt mot Hardangerjøkulen på klarvêrsdagar. No blir stoppeplassane oppgraderte med parkering og opphaldsareal.

Landskapsarkitektane Bjørbekk & Lindheim står for utforminga av rasteplassane som liknar kvarandre både i uttrykk og i val av løysing.

Illustrasjon av to biler parkert langs en parkeringslomme.
Vardestopp rasteplass, Nasjonal turistveg Hardangervidda. Illustrasjon: Bjørbekk & Lindheim Landskapsarkitekter MNLA

-Rasteplassene Vardestopp og Ørteren er utforma etter same lest i eit forsiktig og lågmælt uttrykk med mottoet «LA VERE» som utgangspunkt, det vil seie at anlegga er laga med så små inngrep i naturen som mogleg, seier landskapsarkitekt Nuno Almeida hos Bjørbekk & Lindheim.

Eit lågkarbon-betongdekke «Kragen» er utforma som opphaldsareal og eit element som formidlar overgangen frå det menneskeskapte veganlegget til det naturlege landskapet.

Illustrasjon av to biler på parkeringslomme.
Ørteren rasteplass, Nasjonal turistveg Hardangervidda. Illustrasjon: Bjørbekk & Lindheim Landskapsarkitekter MNLA

-Betongkragen er rettlinja og stram inn mot veganlegget, og buktar seg i ei organisk mjuk linje ut mot det naturlege landskapet og skapar varierte og unike små tilhaldsstader, seier han.

Rasteplassane skal stå ferdige seinhausten 2024.