Rasteplassen ved Flesefossen er ein av seks nye attraksjonar som opnar i 2023. Foto: Hanna Maria van Zijp, Omega 365 Design

Med inspirasjon frå blant anna Bratlandsdalåa, Flesefossen, vann og jettegryter er det forma ein rasteplass med kurva linjeføring som tar opp i seg formasjonene i terrenget. På en plattform i betong med ein langsgåande konstruksjon i stål og tre, kan vegfarande ta seg ein god rast med flott utsikt til fossen. Eit nytt toalettbygg er innlemma i konstruksjonen. I prosjektet inngår også sittegrupper i terrenget og parkering for åtte personbilar og to bussar.

Opningsseremonien byrjar kl. 13, onsdag 7. juni.

Frå programmet:

  • Velkomen ved Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen.
  • Arkitekturen ved Dan Zohar, Haugen/Zohar Arkitekter
  • Byggeprosessen ved Helen Moen Gjuvsland, BG Suldal
  • Betydinga for reiselivet ved reiselivsdirektør Liv Jorunn Tjelmeland, Reisemål Ryfylke
  • Opning ved Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal

Kulturelt innslag ved saxofonist Webjørn Sæther. Servering

Arkitekt: Haugen/Zohar Arkitekter - Landskapsarkitekt: HoloHolo AS - Entreprenør: BG Suldal - Byggherre: Statens vegvesen - Fullført: 2023

Eit nytt toalettbygg er innlemma i konstruksjonen. Foto: Lage bakken, Statens vegvesen
Eit nytt toalettbygg er innlemma i konstruksjonen. Foto: Lage Bakken, Statens vegvesen

Rasteplassen Flesefossen er ein av seks nye attraksjonar som opnar i 2023. Inneverande år markerer  Nasjonale turistvegar dessutan 30 år med kunst og arkitektur i storslått natur langs 18 strekningar. Det var i 1993 Stortinget bad Samferdselsdepartementet om å sjå nærare på kombinasjonen veg og reiseliv. Statens vegvesen tok ansvaret. Resultatet er i dag ein nasjonal attraksjon med internasjonal appell som medverkar til auka lønsemd for lokalt næringsliv.

Nasjonale turistveger - 30 år

Jubileumsmarkeringa Rast viser kombinasjonen kunst, arkitektur og reiseliv langs 18 Nasjonale turistvegar gjennom 30 år. Markeringa blir halden på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo med seminar og utstilling i tidsrommet 15. – 25. juni.

Les meir om 30-årsmarkeringa Rast her