Slik vil det nye turistvegprosjektet sjå ut. Illustrasjon: Code arkitektur

Den gamle rasteplassen på Espenes i Ullensvang kommune blei borte etter rassikringa av riksveg 13. På den tomme flata skulle Statens vegvesen opna eit nytt moderne turistveganlegg med flott utsikt nordover Sørfjorden hausten 2021.

Servicebygget med ein 64 meter lang og 4 meter brei takkonstruksjon i stål, med 12 takmodular i ulik høgde, halden oppe av massive stålsøyler, fundamentert på ei botnplate i betong, skulle markera Espeneset som ny tilvekst til attraksjonen Nasjonale turistvegar. 

Biletet viser nummererte stålplater som blir plukka fram bit for bit.
Nummererte stålplater blir no plukka fram bit for bit. Foto: Tor Benjaminsen, Størksen Rustfri Industri

Slik vart det ikkje. Ein pandemi kom imellom. Samfunn blei stengt ned. Heimekontor og byggemøter på Teams. Først i oktober kunne containerskipet «Yellow Sea» kaste loss frå Xiang hamn i Kina med stål til Bergen for vidare frakt til Espenes. Etter nær tre månader til havs, med fleire stopp undervegs, kunne stålet i containerbuken til slutt klappe til kai i Bergen den 16. januar.

Nummererte stålplater blir no plukka fram bit for bit på Espenes og sortert som eit stort puslespel. Store blanke plater blir sveisa saman til eit ni meter høgt servicebygg med toalett og teknisk rom. Samtidig varslar meteorologane eit nytt ruskever på Vestlandet med regn og vind i over ei uke. Dette betyr at sveisinga av bygget kan komme til å bli utfordrande og tidkrevjande, sjølv om arbeidet skjer under eit beskyttande tak.

Bilde av det nye servicebygget i stål som bygges bit for bit.
Foto: Børje Haganes, Størksen Rustfri Industri

Kommande sending frå Kina med stålet til takpaviljongen blei sendt frå Xiang 30. desember 2021. Om seglasen følgjer containerskipet «Yellow Seas» sin logg, reknar byggeleiinga med at stålet kjem til Bergen i mars. Om ikkje noko nytt uventa skjer, skal rasteplassen med servicebygg, takpaviljong og god parkeringsplass for både bussar og bilar kunna opnast sommaren 2022.

Arkitekt: Code arkitektur
Alle foto: Tor Benjaminsen