Søkjer entreprenør til to nye rasteplassar på Hardangervidda
Det er dei to eksisterande stoppeplassane Vardestopp og Ørteren som no skal oppgraderast med parkering og opphaldsareal.
Langs rv. 7 i Hol kommune ligg rasteplassane Vardestopp og Ørteren vakkert til med god sikt mot Hardangerjøkulen på klarvêrdagar. Dei to eksisterande stoppeplassane blir oppgraderte med parkering og opphaldsareal.
Landskapsarkitektane Bjørbekk & Lindheim står for utforminga av rasteplassane som liknar kvarandre både i eit karakteristisk uttrykk og i valet av løysing.
-Rasteplassane Vardestopp og Ørteren er utforma etter same lest i eit forsiktig og lågmælt uttrykk med mottoet «LA VERE» som utgangspunkt, det vil seie at anlegga er laga med så små inngrep i naturen som mogleg, fortel landskapsarkitekt Svein Erik Bergem hos Bjørbekk & Lindheim.
Eit lågkarbon-betongdekke «Kragen» er utforma som opphaldsareal og eit element som formidlar overgangen frå det menneskeskapte veganlegget til det naturlege landskapet.
-Betongkragen er rettlinja og stram inn mot veganlegget, og buktar seg i ei organisk mjuk linje ut mot det naturlege landskapet og skaper varierte og unike små tilhaldsstader, seier han.
-Vi ser fram til å signere kontrakt med ein av dei mange dyktige entreprenørane i regionen, seier Per Finborud, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardangervidda i Statens vegvesen. Bygg- og anleggsarbeida blir kunngjorde som eit ope anbod i februar og skal etter planen starte i juni for å stå ferdig i september 2024.