Hestad rasteplass. Foto: Lage Bakken/ Statens vegvesen

Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden. Den vesle kyrkja og området rundt er freda. Like ved ligg også ein rasteplass og ein attraktiv badeplass.

Bilde viser den lille kirken Hestad kapell.
Hestad kapell. Foto: Bjørn Andresen/ Statens vegvesen

Statens vegvesen har nå gitt området eit løft med toalett, utsiktsrampe, fornya rasteplass og betra tilkomst til kapellet. Hestad rasteplass ligg i eit verna våtmarksområde med sesongflaumar, noko det er teke omsyn til i planlegginga av anlegget.

Bildet viser brunt toalett og utsiktsrampe.
Toalett og utsiktsrampe. Foto: Lage Bakken, Statens vegvesen

Fortunen arkitekter og Nils Mannsåker såg poesien i tilhøva. -Den korte vandringa på bryggja, til tider over flaumvatnet, skal gje eit ekstra fokus på det overveldande landskapsrommet i Viksdalen. Det tjørebehandla treverket er eit minne frå historia, men sett saman som ei meir abstrakt romoppleving der bjørketrea og himmelen dannar eit flyktig tak, seier han. 

Bildet viser nye rastemøblar på Hestad.
Nye rastemøblar. Foto: Lage Bakken, Statens vegvesen

Ordførar Olve Grotle i Sunnfjord utførte den høgtidelege opninga av Hestad rasteplass. 

Arkitekt: Fortunen Arkitektur
Entreprenør: Brun Bygg AS
Byggherre: Statens vegvesen
Fullført: 2021