Offisiell opning av Madland hamn
Ein spanande stoppestad med rast, kvile og service i vakker natur langs Nasjonal turistveg Jæren.
På ei lita fylling over hamna har Statens vegvesen bygd ein langstrakt parkeringsplass med 180 graders utsyn over Nordsjøen. Nede i hamna er det bygd ei stormhytte med front i glas der ein kan sitte i ly og oppleve ver og bølgjer.
Hytta tar opp formspråket frå dei eksisterande nausta ein finn der i dag. Servicebygget ved parkeringa har to toalett og har blitt kledt med spesialdesigna fasadestein som lyser i mørket som ei lanterne.
Opningsseremonien byrjar kl. 14.30, tysdag 27. juni
Frå programmet:
Velkomen ved Silje Myhre Amundsen, Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen
Arkitekturen ved Marit Justine Haugen, Haugen/Zohar
Byggjeprosessen ved Harald Aarsland, Hako Total AS
Betydinga for reiselivet ved kommunikasjonssjef Gunhild Vevik, Region Stavanger
Betydinga av Nasjonale turistvegar for Hå kommune, ved ordførar Jonas Skrettingland
Opning ved samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Kulturelle innslag ved Hå kulturskule og Jarle Obrestad. Servering.
Madland hamn er ein av seks nye attraksjonar som opnar i 2023. Inneverande år markerer Nasjonale turistvegar dessutan 30 år med kunst og arkitektur i storslått natur langs 18 strekningar. Det var i 1993 Stortinget bad Samferdselsdepartementet om å sjå nærare på kombinasjonen veg og reiseliv. Statens vegvesen tok ansvaret. Resultatet er i dag ein nasjonal attraksjon med internasjonal appell som medverkar til auka lønsemd for lokalt næringsliv.
Arkitekt: Haugen/Zohar Arkitekter
Landskapsarkitekt: Holo & Holo
Entreprenør: Hako Total
Byggherre: Statens vegvesen
Fullført: 2023