Oscarshaug er ein godt besøkt rasteplass for vegfarande langs Nasjonal turistveg Sognefjellet. Foto: Frid-Jorunn Stabell/ Statens vegvesen Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Oscarshaug er ein godt besøkt rasteplass for vegfarande langs Nasjonal turistveg Sognefjellet, men servicefasilitetane på staden har lenge vore modne for eit løft.

Oscarshaug er ein stad med mykje ver. Av den grunn ønskte vi å lage noko solid.
Oscarshaug er ein stad med mykje ver. Av den grunn ønskte vi å lage noko solid. Foto: Lars Erik Rødstøl, statens vegvesen

- Den snart 30 år gamle rasteplassen trengte ei opprusting og vi ønskte å gjere noko som skaper ny identitet og energi. Oscarshaug er ein stad med mykje ver. Av den grunn ønskte vi å lage noko solid, seier Werner Harstad, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Sognefjellet. Rasteplassen får no ein klar profil og overbygget blir eit tydeleg element på ei strekning som er populær hjå turistar frå heile verda.

Framfor å byte panel og tak på toalettbygget, er det heist og sveisa på plass ei 16 tonn tung hette i stål.
Framfor å byte panel og tak på toalettbygget, er det heist og sveisa på plass ei 16 tonn tung hette i stål. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

 

Framfor å byte panel og tak på toalettbygget, er det heist og sveisa på plass ei 16 tonn tung hette i stål over det eksisterande bygget, som vern mot ver og vind. Innmaten og dørene til toaletta er også bytta, og det er lagt ut eit betonggolv av store element med sittebenkar i endane.

Til å teikne overbygget har Statens vegvesen engasjert Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS.Stålkonstruksjonen er eit samarbeid mellom Svinndal Gjerde og Sveiseverksted AS i Våler og Trosterud Mekaniske Verksted AS i Oslo. Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag ein million kroner.

Oscarshaug – utsiktspunkt og rasteplass 
Arkitekt: Jensen og Skodvin Arkitektkontor
Entreprenør: Trosterud Mekaniske verksted og Svinndal Gjerde og Sveiseverksted AS
Byggherre: Statens vegvesen
Fullført: 2020