Espenes rasteplass langs Nasjonal turistveg Hardanger. Foto: Lage Bakken, Statens vegvesen

Espenes er eit flott stopp mellom Kinsarvik og Odda med lang tradisjon som rasteplass langs riksveg 13 i Sørfjorden. Den gamle rasteplassen var riggområde då riksvegen blei utbetra, men blei ståande att som ei stor grusflate i det elles så bratte landskapet. Her har Statens vegvesen bygd ein ny moderne rasteplass i attraksjonen Nasjonale turistvegar.

Frå Espenes er det flott utsikt nordover Sørfjorden.
Frå Espenes er det flott utsikt nordover Sørfjorden. Foto: Lage Bakken, Statens vegvesen

Anlegget sitt særpreg er ein 64 meter lang og 4 meter brei konstruksjon i rustfritt stål med 12 takmodular med varierande høgde. Takkonstruksjonen blir halden oppe av massive stålsøyler og er fundamentert på ei botnplate av betong. Dei samansveisa stålplatene er 6 mm tjukke og veg til saman 31 tonn

Den høgste delen nærmast vegen inneheld toalett, mens rasteplassar under den lågare takkonstruksjonen tilbyr god utsikt nordover Sørfjorden. Under takkvelvane opplever den besøkande forskjellige utsnitt av landskapsrommet saman med lyset sine skiftande refleksjonar i stålet.

Takkonstruksjonen blir halden oppe av massive stålsøyler.
Takkonstruksjonen blir halden oppe av massive stålsøyler. Foto: Lage Bakken, Statens vegvesen

-Espenes som turistveginstallasjon tilbyr no dei vegfarande ein velgjerande pause mellom bratte fjell, steile knausar og med fjorden som naturleg blikkfang og følgjesvenn, seier Bjarne Ringstad i Code arkitektur.

Planen var at anlegget skulle stå ferdig hausten 2021. Slik gjekk det ikkje. Ein pandemi, forsinka leveranse av stål og ruskever på Vestlandet var utfordringar som sto i kø for det nye signalbygget på Espenes. Nå er attraksjonen endeleg på plass til ein total kostnad på 40 mill. kroner, finansiert av den statlege løyvinga til attraksjonen Nasjonale turistvegar.

Byggherre: Statens Vegvesen, Nasjonale turistvegar
Arkitekt: Code Arkitektur AS
Entreprenør: Brun Bygg AS
Stålentreprenør: Størksen Rustfri Industri AS