Illustrasjon av Gjendeosen, Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL.

Gjendeosen får eit solid løft gjennom turistvegprogrammet til Statens vegvesen og vil med det nye servicebygget stå fram som ein heilskapleg attraksjon. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.

Fullføringa av anlegget består av eit nytt servicebygg med kiosk, café, offentlege toalett samt kjøkken, lager, personalrom og tekniske rom. Det omkringliggjande utearealet skal opparbeidast enkelt og estetisk.

Bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjonar med tre og glas i fasadane og tak med trepanel. Grunnmuren og dekket er støypt. Det neste er å få opp veggene og takkonstruksjonen. Kostnadsramma for servicebygget er på 45 - 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar.

Illustrasjon av nytt servicebygg Gjendeosen, ved Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon av nytt servicebygg Gjendeosen, ved Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Med det nye bygget blir prosjektet fullført frå Statens vegvesen si side og turistveganlegget står fram som ein komplett fjellterminal for dei mange besøkande frå inn- og utland, over 60.000 berre i sommar. Dei fleste av desse tek båten innover Gjendevatnet for å gå og oppleva Besseggen.

I den første byggefasen til og med 2019, blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som praktisk og visuelt støttar opp om stemninga og behova på staden.

Hovudparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen og utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering supplert med ein liten kiosk/kvilebu.

Modellfoto av Gjendeosen. Foto: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Modellfoto av Gjendeosen. Foto: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Utbygginga ved Gjende, er saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten, dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra.

Dei andre store attraksjonane som så langt er fullført er Trollstigen og Gudbrandsjuvet langs Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen, Steinsdalsfossen i Hardanger, Allmannajuvet i Ryfylke, Eldhusøya langs Atlanterhavsvegen og Steilneset i Varanger.

Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Entreprenør: Brun Bygg AS