Rasteplass og utsiktspunkt Måbø bru rasteplass

GPS, Måbø bru rasteplass:
60.4229047, 7.2063874
Tilgjengeleg for rullestol.
Rasteplassen er etablert langs riksveg 7 ved utløpet av Måbøvatnet øvst i Måbødalen i Eidfjord kommune.
Stoppestaden ligg like ved Måbø bru, ei vakker steinkvelvbru frå 1910. Brua og den gamle vegen er eit verna kulturminne og vart tekne ut av bruk då den nye traséen for riksveg 7 stod ferdig i 1986.
Den opphavlege rasteplassen frå 1990-talet er no oppgradert med sitjebenkar, plantning og universelt utforma tilkomst. Målet har vore å skape ein open og vennleg stad som inviterer til ein god pause i den vakre naturen. Her er det rydda forsiktig, fjerna nokre element og gjenbrukt andre.
Prosjektet er ein del av arbeidet med å ruste opp Nasjonal turistveg Hardangervidda i Måbødalen og ved Vøringsfossen til å bli ei heilskapleg reiseoppleving med gamle ferdselsårer, kulturhistorie og turistvegprosjekt som viktige ingrediensar.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet:




