Rasteplass og utsiktspunkt Ørteren

GPS, Ørteren:
60.4661631, 7.8140606
Tilgjengeleg for rullestol.
Ørteren rasteplass ligg langs riksveg 7 i Hol kommune i Buskerud fylke, ca. to kilometer lenger vest frå den næraste rasteplassen Vardestopp.
Ørteren rasteplass er utforma etter dei same prinsippa som rasteplassen Vardestopp. Om ein følgjer stien ned mot vatnet, kan ein finne ro og fred, med god avstand til trafikken og støyen frå riksvegen. Det bølgjande, vidstrekte landskapet med små og store innsjøar og fjell skaper ein heilt unik karakter.
Rasteplassen har kapasitet for seks parkeringsplassar, og har fleire sitjemogleheiter langs kanten, ved benkane og ved to bord. Her kan ein kan ta ein pause og nyte naturopplevingane på Hardangervidda.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet:


