Rastemøbler i betong med utsikt til innsjøen Ørteren.
Namnet Vardestopp kjem frå dei karakteristiske steinvardane som vert sette opp i vasskanten ved innsjøen Ørteren. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

GPS, Vardestopp:
60.47827333, 7.826105

Tilgjengeleg for rullestol.

Vardestopp ligg på Hardangervidda, langs riksveg 7 i Hol kommune i Buskerud fylke, i overgangen mellom aust og vest.

Utforminga av rasteplassen tek inspirasjon frå organiske element i naturen, og har som mål å gjere minst mogleg inngrep i det sårbare landskapet. Den bølgjande forma skaper varierande sitjeplassar med utsiktspunkt mot innsjøen Ørteren.

Vardestopp har kapasitet for sju parkeringsplassar, og har fleire sitjemogleheiter langs kanten, ved benkane og ved to bord. Her kan ein kan ta ein pause og nyte naturopplevingane på Hardangervidda. 

Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS