Modell av ein rasteplass frå designkonseptet "LA VERE".

I følgje juryen har vinnarkonseptet «LA VERE» den rette forståinga av og respekten for det særeigne landskapet på Hardangervidda. Arkitektkontoret minner om at urørd natur er under sterkt press og at det ikkje er meir villmark å miste:
-Konseptet «LA VERE» handlar om å syne ei audmjuk haldning til naturen og la han vere i fred. Å ikkje gå utanfor det menneskeskapte fotavtrykket som allereie er der og tilføre så lite som mogleg, fortel dagleg leiar Line Løvstad Nordbye på Bjørbekk & Lindheim. 

Illustrasjon frå konseptet  "LA VERE".
Illustrasjon frå konseptet "LA VERE".

Idegrunnlaget for sjølve utforminga av rasteplassane Vardestopp, Ørteren/Veahovda og Våkavadet langs Nasjonal turistveg Hardangervidda er henta frå former i landskapet og frå tradisjonell og stadtypisk kunst og kultur. Det berande elementet i konseptet er ein «Krage» med inspirasjon frå gamal bondekultur og Hardangersaum. Kragen omslutta rasteplassen og er eit rom for opphald og aktivitet samstundes som han markerer ein overgang til det vakre urørde landskapet.

Illustrasjon frå designkonseptet "LA VERE".
Plan for Ørteren rasteplass med den bølgande «Kragen» tydeleg felt inn. Illustrasjon: Bjørbekk & Lindheim

Det er første gong Nasjonale turistvegar lyser ut ein plan- og designkonkurranse berre for landskapsarkitektar. Ei medviten satsing, ifølgje Silje Myhre Amundsen, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardangervidda.
Totalt tok fire landskapsarkitektkontor del i konkurransen. I juryen sat:

Ketil Kiran, arkitekt MNAL, juryen sin leiar.
Arne Smedsvig, landskapsarkitekt MNLA, oppnemnd av NLA
Ellen Njøs Slinde, landskapsarkitekt MNLA
Knut Wold, bilethoggar.

Illustrasjonar: Bjørbekk & Lindheim