Rasteplass og utsiktspunkt Juvo
GPS, Juvo:
59.6530001, 6.792159
Delvis tilgjengeleg for rullestol.
Ved riksveg 13, like nord for Nesflaten, ligg Juvo rasteplass, ein liten stoppestad i eit dramatisk landskap.
Rasteplassen er knytt til eit stykke historisk veg som er bygd ved Kvelven tunnel langs fjellsida i Brattlandsdalen.
På Juvo kan ein oppleve det historiske veganlegget og det bratte landskapet på trygt vis. Frå to utsiktspunkt kan publikum beundre dei spennande fjellformasjonane i juvet og det spektakulære elveløpet som brusar forbi.
Ein kort spasertur langs gamlevegen tek dei besøkande til Kvelventunnelen, ein av dei første vegtunnelane som vart bygde i Noreg.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet:
Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen
Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen