Kjøreturen over Trollstigen er utan tvil litt meir dramatisk enn det dei fleste er vant med, for det som kanskje er spesielt med å kjøre rundt i Norge er at det faktisk bur eller har budd folk overalt. Sjølv på den smalaste fjellhylla eller på den vesle knausen kan det vere bygt hus. Slik er vi knytta til landskapet og naturen gjennom busetjingar der vi har funne livsgrunnlag opp gjennom historia.Geiranger-Trollstigen byr på fleire høgdepunkt, og det er lett å få høg puls i dei elleve snirklete svingane i Trollstigen eller når du skodar utover frå Ørnesvingen ned mot Geirangerfjorden. Frodige dalar, lune jordbærbygder, stupbratte fjell og utkikkspunkt gir både sug i magen og nokre av dei beste utsiktene Norge kan by på. Sett av god tid til turen, pausane er kjærkomne, same om du vil utfordre deg sjølv med ein topptur eller berre nyte synet. Det er så mykje meir å oppdage for kvar den som tar seg tid.
Historie
Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes. Først som ein sti, deretter som rideveg heilt fram til Trollstigvegen vart starta i 1916. Delar av den opprinnelege kløvstien er framleis synleg og farbar til fots. Det er eit spennande alternativ for alle som vil oppleve vegen slik den var i riktig gamle dagar.
Opplevingar
Nokre av dei mest oppsiktsvekkande installasjonane vi har laga finn du på denne strekninga. Her lar utsiktspunkta Ørnesvingen, Gudbrandsjuvet og Flydalsjuvet deg sleppe til i naturen på heilt spesielt vis. Med ferje på fjorden kan du komme tett på dei kjente fossefalla Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret og samtidig oppleve den mest berømte fjorden i verda, Geirangerfjorden, som er på UNESCOs verdsarvliste. Er veret grått kan Norsk Tindesenter i Åndalsnes freiste med aktivitetar for klatreglade, utstillingar som fortel om den norske tindehistoria og film frå den norske fjellheimen.
Sykkel
Kjenneteiknet for denne turistvegen er høge fjell og djupe fjordar. Den lettaste sykkelturen får du om du startar på Grotli. Turen er ei barsk høgfjellstrekning, men du får ei fin nedkøyring til Geiranger og Geirangerfjorden. På neste etappe får du klatring opp forbi Ørnesvingen, men ein lett tur vidare ned til Norddalsfjorden og til ferja over til Linge. Den siste etappen byr på ei heller lang stigning, men på toppen av Trollstigen og under nedkøyringa til Åndalsnes får du lønn for strevet. Det er mykje trafikk på strekninga Geiranger-Trollstigen i høgsesongen, så legg gjerne turen til tidlig i juni eller september.
Fotturar
Vegen som slynger seg oppover lia frå fjord til fjell gir eit vell av turmogelegheiter i eit eventyrleg fjordlandskap. Området rundt Geiranger – Trollstigen kjenneteiknast av frodige dalar, bratte fjellsider og buldrande fossefall. Vesterås gard er eit godt utgangspunkt for fleire turar som mellom anna turen opp til Storseterfossen. Ein annan flott, men særs bratt tur er turen opp til den maleriske garden Skageflå som startar med båt ut Geirangerfjorden. Dersom du vil sleppe båttur og den bratte stigninga frå fjorden anbefaler vi å ta stien tur/retur med start frå Geiranger via Homlongsetra. Vardefjellet i nærleiken av Valldal er ein lett topptur med flott utsikt. Ved foten av Trollstigen kan du gå ein enkel rundtur langs den brusande elva. Stien frå Trollstigen og opp til Bispevatnet innbyr til ein roleg tur under dei mektige fjella.
Fleire fine turstiar langs vegen finner du i turguiden Outtt.