Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Hardangervidda

Vøringsfossen

Vøringsfossen er kanskje den mest kjende fossen i landet. Her stuper store vassmengder 182 meter frå Hardangerviddeplatået ned i Måbødalen. Fossefallet og den dramatiske overgangen mellom fjord og vidde gjer inntrykk.

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta ved Vøringsfossen er vinterstengt frå november til byrjinga av mai.

Om du vil sjå Vøringsfossen frå botnen av Måbødalen kan du parkere ved Fossatromma og følgje gamlevegen ned til den gamle, merka stien frå 1872 som fører inn til fossen. Fossefallet kan vere høglydt, særleg når vassføringa er stor og duskregnet frå fossefallet kan gjere det heile til ei frisk oppleving. Frå hovudvegen tar det ein halv time å gå inn til fossen.

 

 

 

Kamera ikon