Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Sognefjellet

Oscarshaug

Oscarshaug er ein flott stoppestad langs Nasjonal turistveg Sognefjellet. Den renoverte rasteplassen byr på storslått utsikt mot fjella Hurrungane med mellom anna Store Skagastølstind. Namnet på rasteplassen skriv seg frå ei reise som kong Oscar den 2 hadde over fjellet i 1860 og kor ein varde blei reist som minne om denne turen.

Toalettet på staden har fått nytt solid overbygg i stål. Frå parkeringsplassen er det god sti opp til varden på toppen av Oscarshaug. Stien har eit enkelt stålrekkverk.

Staden har plass til to bussar, fem bobilar og 20 personbilar. Toalettet er åpent frå mai - midten av oktober..

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Arkitekt: Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS

Kamera ikon