Tilbake til turistvegen

Attraksjon langs Ryfylke

Allmannajuvet

Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899. I denne perioden vart det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggetradisjon som huser forteljinga om gruvene. Attraksjonen består av eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper.

Kafeen og galleriet i Allmannajuvet er open frå 27. juni - 9. august og helgene 15-16. august og 22-23. august frå kl. 10.00 - 16.00. Du kan delta på guida tur langs gruvevegen og inn i sjølve gruva kvar dag i sesongen kl. 11.00 og 13.00. Meld deg på i kafeen eller ved å sende ein melding på facebook.com/saudaferie dagen før. Du vil bli utstyrt med hjelm og lykt. Ta på gode sko. Guiden snakker engelsk og norsk og turen varer i ca. 1,5 time. Pris: Voksne kr. 150,-. Barn kr. 100,- Familie (2+2) kr. 400,-.

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er vinterstengd frå 1. desember til 1. mars.

Kamera ikon