Høllesli rasteplass.
Høllesli rasteplass. Foto: Fredrik Fløgstad, Statens vegvesen

Langs frodige fjordar og nakne fjell

Køyretur i grensa mellom øyrike og heiar frå Lysefjorden til Sauda og på fjellovergang til Røldal.

Reisa langs turistvegen i Ryfylke er ei reise i kontrastar. Her møter du nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Saudafjellet har ein særeigen natur. Den er knudrete, rå og gjenstridig. 

Sidan Ryfylke er ei lang og variert strekning, er det lurt å bruke god tid. Her er det mange stader råd å ta små avstikkarar og ta pausar undervegs, anten du er nysgjerrig på industrihistoria i Sauda eller berre vil oppleve ein av dei flotte strandstadane som til dømes Sand.

Reiseinformasjon

Lengde
260 km
MOH
0 - 972
Overfarter
2 ferjer

Nasjonal turistveg Ryfylke går mellom Oanes ved Lysefjorden og Håra. På den sørlige delen av strekninga må ein nytta seg av to ferjer. Lauvik-Oanes og Hjelmeland-Nesvik. Frå Lovra i Suldal delar turistvegen seg i to med ein avstikkar til Ropeid. Den andre delen fortsett nordover med ein avstikkar til Høse bru ved Sand, før den fortsett opp Brattlandsdalen der dei igjen møtast ved Håra og dannar ein rundtur.
For syklisten: Med start frå Håra i nærleiken av Røldal får du ein klatreetappe opp mot Saudafjellet. Unngå tunnelar langs Saudafjorden ved å ta gamlevegen rundt. Mellom Ropeid - Ostasteidn og Håra - Lovra har strekninga fleire lange tunnelar det ikkje er mogeleg å sykla rundt. Kombinere turen med Nasjonal sykkelrute 2 som mellom anna går frå Stavanger til Lysebotn. Frå Stavanger kan du også følge Nasjonal sykkelrute 1 langs kysten. Denne biten er også ein del av den europeiske sykkelruta «North Sea Cycle Route» Eurovelo 12.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Oanes:
58.914264, 6.077564
GPS, Håra:
59.8138, 6.773779

VEGEN ER OPEN. Om vinteren er vegen mellom Helandsbygd og Røldal vinterstengd. Vegen er normalt stengd i november og opnar i juni.

Deler av vegen, spesielt over fjellet til Røldal, er smal og svingete. Her er det for tida ingen maksimal grense men vi tilrår kortare lengde på buss.

Opplevingar

Mang ein turist valfartar til Ryfylke. Her finns nemleg nokre av dei mest spektakulære naturattraksjonane Norge kan by på. Preikestolen og Kjeragbolten er begge, med Lysefjorden i bakgrunnen, populære som turmål og fotomotiv. Men området har også mange andre eineståande turmål som er lite kjent. 

På godversdagar bør du vurdere fotturane til Reinaknuten og Skomakernibå. Frå begge toppane har du ei imponerande utsikt over store delar av Ryfylke med til dømes Tysdalsvatnet og Jøsenfjorden.

Rundturen inn til Ritlandskrateret byr på ei unik oppleving med utsikt over eit krater danna av ein meteoritt som trefte jorda for 500-600 millionar år sidan. Du kan også ta turen til Hovlandsnuten i nærleiken av Sauda. Her har sherpaer frå Nepal lagt solide trapper av stein.

Det er to korte ferjeturar på denne vegen kor du kan nyte frisk sjøluft og ta fjordane i nærare augesyn.


Statens vegvesen bygger infrastruktur i form av rasteplassar og utsiktspunkt langs Nasjonale turistvegar.
Ta kontakt med lokalt og regionalt reiseliv for spørsmål rundt turistinformasjon.

De 18 nasjonale turistvegene

De nasjonale turistvegene strekker seg fra Varanger i nord til Jæren i sør. Langs vegene ligger utsiktspunkter og rasteplasser med nyskapende arkitektur i vakker natur som gir opplevelser som frister til lengre opphold og nye besøk.

Se alle turistvegene