Høstfarger  over Valdresflye.
Høstfarger over Valdresflye. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen

Der vegen svevar

Køyretur med vidsyn over fjell og vidde ved inngangen til Jotunheimen gjennom kulturlandskap med stølsdrift og tradisjonsrike turistbedrifter i høgfjellet.

På Valdresflye får du følelsen av å «sveva» over vidda med flott utsikt mot fleire fjelltoppar i Jotunheimen Nasjonalpark. Store delar av vegen går over tregrensa med det høgaste punktet på 1389 meter over havet.

Valdresflye er som eit stort bilete der vegen strekker seg ut i lange og duvande former. Vegen er ein naturleg etappe i mange rundturar og eit alternativ for den som skal reise nordover.

Reiseinformasjon

Lengde
49 km
MOH.
885 – 1389

Nasjonal turistveg Valdresflye går mellom Hindsæter og Garli [51] med avstikkar til Gjende. Vegen er eit godt alternativ om du skal nordover, eller du kan legge den inn som ein del av mange rundturar.

For syklisten: Vær merksam sterk vind over opne flater høgt til fjells. Vegen har nokre lange stigningar og tidvis mykje biltrafikk. Strekninga vil på sikt bli ein del av Nasjonal sykkelrute 5.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Hindsæter:
61.618944, 8.972654
GPS, Garli:
61.269397, 8.863413

Strekninga mellom Garli til Maurvangen er normalt vinterstengt i desember til april. Tidlegare stengingar har vore 23. desember til 9. januar. Tidlegare opningar har vore 23. mars til 5. april.

Det er viktig å merke seg at når vegane opnar for sommaren kan dei i ein periode bli stengt om natta. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel. 

Når vegen er vinterstengt vil strekninga bli vist med rød strek i kartet.

Opplevingar

På Valdresflye kan du stoppe bilen nesten kvar som helst, og ta lengre eller kortare turar inn i fjellet. Anten du liker steinete fjellterreng eller mjukt skogsterreng er du sikker på å finne stiar som passar dine preferansar langs denne vegen.  

Bitihorn og Synshorn er attraktive toppar som gir fantastisk utsikt over Bygdin. For å oppleve den kjende, men krevjande turen over Besseggen må du leggje turen innom Gjende.

Opplev kulturlandskap med aktiv stølsdrift og tradisjonsrike turistbedrifter i det norske høgfjellet. Stølsdriften som gjer det mogleg  å kjøpe smør, rømme og ost laga på den opprinnelege måten.

Nyttige lenker

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene