Fasade av fjellkafeen.
Fjellkafeen Flye 1389. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

GPS, Flye 1389:
61.389507, 8.810563

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå mars til oktober, Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

På det høgaste punktet på Valdresflye og med utsikt i alle himmelretningar, ligg fjellkafeen Flye 1389.

I kafeen får du servert lokal mat frå Valdres og Gudbrandsdalen medan du nyt utsikta mot toppar som Besshøe, Høgdebrotet, Tjønnholstinden og Rasletinden. Flye 1389 er eit godt utgangspunkt for turar til fots eller på ski og her kan du også leige turutstyr.

Arkitekt: Knut Hjeltnes AS Sivilarkitekter MNAL