Gjendeosen like ved Gjendesheim.
Gjendeosen like ved Gjendesheim. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen

GPS, Gjende:
61.49518529, 8.80996192

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne i turistsesongen. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Gjendeosen er ein travel møteplass ved innfallsporten til Jotunheimen nasjonalpark.

Omgitt av ville fjell er Gjende kjent som Jotunheimen sin vakraste innsjø. På vestenden ligg Gjendebu, på nordsida Memurubu og ved austenden Gjendesheim. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadane.

Gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar har turistattraksjonen Gjende fått eit solid løft. På Gjendeosen er det etablert eit nytt servicebygg med kafé, toalett og informasjon og det er gjort nødvendige trafikkmessige forbetringar på staden.

Gjendebåten har fått ny, solid bryggje og eit funksjonelt lager for båten og reiselivsbedriftene Memurubu og Gjendebu. Ved Gjendevatnet har naturen overteke for utfartsparkeringa som er flytta til ein utvida parkeringsplass med toalett og sykkelparkering på Reinsvangen.

Etter oppgraderinga står Gjende no fram som ein komplett fjellterminal for dei mange titusen besøkande frå inn- og utland.

Arkitekt: Knut Hjeltnes AS Sivilarkitekter MNAL