Nasjonal turistveg Valdresflye

Der vegen svevar
Køyretur med vidsyn over fjell og vidde ved inngangen til Jotunheimen gjennom kulturlandskap med stølsdrift og tradisjonsrike turistbedrifter i høgfjellet.
På Valdresflye får du følelsen av å «sveva» over vidda med flott utsikt mot fleire fjelltoppar i Jotunheimen Nasjonalpark. Store delar av vegen går over tregrensa med det høgaste punktet på 1389 meter over havet.
Valdresflye er som eit stort bilete der vegen strekker seg ut i lange og duvande former. Vegen er ein naturleg etappe i mange rundturar og eit alternativ for den som skal reise nordover.
Reiseinformasjon
- Lengde
- 49 km
- MOH.
- 885 – 1389
Nasjonal turistveg Valdresflye går mellom Hindsæter og Garli [51] med avstikkar til Gjende. Vegen er eit godt alternativ om du skal nordover, eller du kan legge den inn som ein del av mange rundturar.
For syklisten: Vær merksam sterk vind over opne flater høgt til fjells. Vegen har nokre lange stigningar og tidvis mykje biltrafikk. Strekninga vil på sikt bli ein del av Nasjonal sykkelrute 5.
Veg og trafikkinformasjon
- GPS, Hindsæter:
- 61.618944, 8.972654
- GPS, Garli:
- 61.269397, 8.863413
VEGEN ER ÅPEN. Deler av Valdresflye er vinterstengt mellom Garli - Maurvangen. Vegen er normalt stengt i desember og vert opna i april. Strekninga er open mellom Hindsæter og Gjendesheim. Tilkomst til Gjendesheim er frå Randen [51] eller Sjoa [257]. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel. De første ukene etter åpning kan vegen være stengt om natten.
-
Bilde 1 av 13: Vinter over Valdresflye. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 2 av 13: Hindsæter. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 3 av 13: Garli. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 4 av 13: Gjendeosen. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen -
Bilde 5 av 13: Vargebakkane. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen -
Bilde 6 av 13: Vargebakkane. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen -
Bilde 7 av 13: Steinplassen. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen -
Bilde 8 av 13: Valdresflye. Foto: Helge Stikbakke, Statens vegvesen -
Bilde 9 av 13: Vinter over Valdresflye. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 10 av 13: Flye 1389, kafé og toalett. Foto: Harald Christian Eiken, vmproduksjon.no -
Bilde 11 av 13: Flye 1389, kafé og toalett. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen -
Bilde 12 av 13: Rjupa utsiktplass. Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen -
Bilde 13 av 13: Rjupa utsiktsplass. Foto: Helge Stikbakke, Statens vegvesen
Opplevingar
På Valdresflye kan du stoppe bilen nesten kvar som helst, og ta lengre eller kortare turar inn i fjellet. Anten du liker steinete fjellterreng eller mjukt skogsterreng er du sikker på å finne stiar som passar dine preferansar langs denne vegen.
Bitihorn og Synshorn er attraktive toppar som gir fantastisk utsikt over Bygdin. For å oppleve den kjende, men krevjande turen over Besseggen må du leggje turen innom Gjende.
Opplev kulturlandskap med aktiv stølsdrift og tradisjonsrike turistbedrifter i det norske høgfjellet. Stølsdriften som gjer det mogleg å kjøpe smør, rømme og ost laga på den opprinnelege måten.
Nyttige lenker
-
Offisiell reiseguide for Norge
-
Kart med info om sove, spise og gjøre
-
Ladekart og ruteplanlegger
-
Kart over bobilplasser og informasjon om tømmestasjoner
De 18 nasjonale turistvegene
Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.