Rasteplassen Utsikten ved Nasjonal turistveg Gaularfjellet.
Utsikten ved Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Foto: Per Ritzler, Statens vegvesen

Frå Sognefjorden til Fosseheimen

Eit fredfullt alternativ til stamvegane frå Sunnfjord til Sogn. Langs verna vassdrag og stille fjordarm fram til turiststaden Balestrand.

Gaularfjellet er ein godt bevart hemmelegheit for dei fleste. Køyreturen går langs fjorden før vegen snirklar seg opp mot det høgste punktet på fjellet. På rasteplassen Utsikten kan du nyte synet av eit frodig og vakkert landskap der vegen slynger seg oppover lia.

Vegen følgjer Gaularvassdraget eit av få verna vassdrag som byr på alt frå ville stryk og fossar til rolege parti kor vatnet flyter stille av stad. Ein tur over den spenstige brua Likholefossen gir ei oppleving av å vere midt i det sprudlande fossesuget. Turistvegen kan inngå i mange rundturar.

Reiseinformasjon

Lengde
114 km
MOH
0 - 784

Nasjonal turistveg Gaularfjellet går mellom Balestrand - Moskog og mellom Sande - Eldalsosen. Frå Balestrand er det mogelig å ta fine avstikkarar. En båttur som endar nesten ved Jostadalsbreen er eit fint sett og oppleva naturen på.

For syklisten: Start turen på Moskog slik at stigningane både opp mot Rørvikfjellet og mot toppen av Gaularfjellet ikkje blir for tunge. Alternativ rute er med start på Sande. Frå Utsikten ned til fjorden byr vegen på ei bratt utforkøyring.

Veg og trafikkinformasjon

GPS, Moskog:
61.442286, 6.002698
GPS, Balestrand:
61.210477, 6.528711

VEGEN ER STENGD. Vegen er vinterstengd over Gaularfjellet mellom Mel - Mjell. Strekninga er normalt stengd i desember og opnas i slutten av april.

Opplevingar

Vegen vart raskt ei viktig ferdselsåre frå den vart opna i 1938. I dag er vegen eit fredeleg alternativ til hovudvegane som tar det meste av trafikken.

Balestrand er ein flott start på turen, der er det også råd å ta båt inn til Fjærland og besøke bremuseet. Det er enkle og funksjonelle punkt langs heile vegen som gjer det råd å stoppe, strekke på beina eller berre nyte utsikta. Elva Gaula har 29 større fossar med Likholefossen og brua over som eit høgdepunkt.

Fossestien er ein 21 km lang vandreveg som går langs elva Gaula parallelt med turistvegen. Ein kan velje om ein vil gå heile turen, eller berre delar av den. Stien går forbi fleire større fossar og gjennom eit frodig kulturlandskap med aktive gardsbruk. Langs strekninga finn du også fjellturar til flotte utsiktspunkt og rolege fjellvatn der det er mogeleg å fiske.

De 18 nasjonale turistvegene

Nasjonale turistveger er kjøreturer gjennom vakker norsk natur. Opplevelsen forsterkes med nyskapende arkitektur og tankevekkende kunst på tilrettelagte utsiktspunkter og rasteplasser.

Se alle turistvegene