Hestad ved Gaularvassdraget langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Ny rasteplass med servicebygg, ferdigstilt september 2021.
Hestad rasteplass ved Gaularvassdraget. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

GPS, Hestad:
61.331965, 5.935847

Tilgjengeleg for rullestol.

Toaletta er opne frå byrjinga av mai til slutten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Hestad rasteplass er eit flott stopp på turistvegen over Gaularfjellet. Plassen ligg på nordsida av Viksdalsvatnet i eit vakkert landskapsvernområde.

Servicebygget er forma som tre små tårn som stikker opp i landskapet. Frå bygget er det to stiar. Den eine går på ei opphøgd rampe utover ei grunne i vatnet, den andre langs vasskanten i det verna området. Vandringa har stopp med sitjeplasser og informasjon undervegs.

Om lag 300 m frå rasteplassen ligg Hestad kapell. Den vesle, brunbarka kyrkja og området rundt er freda. Ei stavkyrkje stod på Hestad frå 1327 då den i 1805 vart erstatta av dagens kapell. Ein del av tømmeret i kapellet stammar frå den gamle stavkyrkja.

Ved snøsmelting og store nedbørsmengder, normalt forsommar og tidleg haust, vert vatnet stort og kan fløyme over rasteplassen.

Arkitekt: Fortunen AS - Nils Mannsåker