Likholefossen i Gaula.
Likholefossen i Gaula. Foto: Bjørn Andresen, Statens vegvesen

GPS, Likholefossen:
61.32854323, 6.27236158

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Gaularvassdraget kan vere kraftfullt og vilt, spesielt når vassføringa er stor.

Ein tur over den spenstige stålbrua over Likeholefossen gir nærkontakt med kreftene i fossen. Frå brua kan du vandre vidare på Fossestien langs det verna vassdraget.

Fossestien langs Gaula-elva følgjer gamle stiar og stølsvegar frå Gaularfjellet til Viksdalen. Stien er 21 km lang og passerer 14 fossar og 7 vatn. For å komme til turstien kan du parkere ved fire ulike stader: Eldal, Likholefossen, Longestølen og Torsnesstølen.

Arkitekt: Nordplan AS - Arild Waage