Utsikten rasteplass og utsiktspunkt.
Utsikten rasteplass og utsiktspunkt. Foto: Jiri Havran, Statens vegvesen

GPS, Utsikten:
61.35145674, 6.51817405

Delvis tilgjengelig for rullestol.

Toaletta er opne frå byrjinga av mai til slutten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.

Utsikten på Gaularfjellet er eit spektakulært utsiktspunkt. Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og byr på eit storslått panorama.

Utsikten på Gaularfjellet er eit av dei flotte utsiktspunkta på strekninga. Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og har eit storslått utsyn over eit frodig og vakkert landskap der riksveg 13 slynger seg oppover lia. Med fritt utsyn mot fjell på 1500 meter og djupe dalføre ligg utsiktplattforma og balanserer på kanten av fjellet, 700 meter over havet.

Arkitekt: Code arkitektur