Kunstinstallasjonen Mirage av Marianne Heier, ved Torsnesstølen.
Kunstinstallasjonen Mirage av Marianne Heier ved Torsnesstølen. Foto: Therese Ruud, Statens vegvesen

GPS, Torsnesstølen:
61.336782, 6.434813

Ikkje tilgjengeleg for rullestol.

Kunstverket Mirage består av ti brønnar. Den eine er plassert her på det nedbørsrike Gaularfjellet, dei ni andre er i Malawi.

Marianne Heier sitt kunstverk Mirage består av ti brønnar. Den eine er plassert her på det ned børsrike Gaularfjellet. Dei ni andre er i Malawi, der tilgangen på vatn er mangelvare. Tittelen viser til eit optisk fenomen der lysstrålar blir bøygd slik at ting som i verkelegheita er bak horisonten blir synlege og verkar nære. I verket Mirage er vatnet både eit konkret element og ein metafor for fordelinga av ressursane i verda.

Brønnane i Malawi er etablert i samarbeid med UNICEF.

Kunstner: Marianne Heier