Det er ingen løyndom at Hardanger er som eit einaste stort postkort, og nesten kor du snur deg ser du rett inn i ein buldrande foss eller blomstrande frukttre. Alt det vakre du har høyrt om Hardanger er sant. Der er i tillegg dramatiske vegar i dramatisk natur, og stor variasjon i inntrykka. Vegane i Hardanger har si eiga fart, og du må tilpasse deg det naturlege tempoet. Her ligg vegen på hyller i bratte dalsider, eller går bokstaveleg talt gjennom eplehagane, og det er kanskje denne nærleiken som er det spesielle på strekninga. Her kjører du i sjølve opplevinga heile tida. Den perfekte ferien ville vore å kjøre om våren når fruktblomstringen er i full gang, stoppe og fiske i Hardangerfjorden, for så å reise tilbake når frukta blir plukka på seinsommaren. Da ville Hardanger vist dei unike sidene som skifter etter årstid, og som alle er verdt eit besøk.
Historie
I Hardanger har det vore dyrka frukt sidan 1300-talet, og næringar som båtbygging og steinindustri har vore viktige for lokalsamfunnet. Kunstnarar og turistar har alltid blitt inspirerte av naturen og det storslåtte. Alle vegane i Hardanger betyr ikkje lenger like mykje som tidlegare etter som det er bygd nye og meir moderne alternativ, men som turistvegar er dei gamle vegane like attraktive og viktige som nokon gong.
Opplevingar
Fossar er magnetiske på oss menneskje, og for alle fosseentusiastar er Hardanger det perfekte reisemålet. Hardanger er innramma av store fossar. Steinsdalsfossen, Vøringsfossen, Skjervsfossen, Låtefoss og Furebergfossen er alle forskjellige, men like lette å late seg hypnotisere av. For krafta i desse fossane er så sterk at vi blir ofte berre ståande og stire. Da blir diskusjonen om kva for ein som er den vakreste berre av akademisk betydning. Dei har alle sine unike kvalitetar, som Steinsdalsfossen der kan du følgje stien inn på baksida av fossen, eller Låtefoss med sine to elvelaup som kanskje lokkar til seg fleire skuelystne enn dei fleste attraksjonar elles.
Sykkel
Denne turistvegen er delt i tre «armar» som er knytt saman med ferjestrekningar. Hardanger er eit populært turistområde og biltrafikken er stor i sommarmånadene. Den rolegaste sykkelturen får du på den gamle vegen frå Jondal til Utne (fylkesveg 520) som strekker seg langs Hardangerfjorden og langs frodige frukthagar. Strekninga frå Norheimsund til Granvin (fylkesveg 7) byr også på fin utsikt mot fjorden men her er det meir trafikk. På denne strekninga bør du starta turen med eit besøk ved Steinsdalsfossen. Med tanke på trafikk er den mest krevjande ruta frå Kinsarvik til Odda og vidare til Låtefossen (riksveg13). Her er det også fleire tunnelar men dei fleste av desse kan syklast på «utsida».
Fotturar
Turmoglegheitene i Hardanger er mange og på fleire av turane vil du få ei vidstrakt utsikt over fjordarmane i området. Den svært krevjande turen til Trolltunga er den mest kjende fotturen i området. Kvart år tar rundt 100 000 besøkande turen for å kunne ta det ikoniske bildet av seg sjølv på Trolltunga over Ringedalsvatnet.
Men Hardanger har så mange fleire fine turar å by på utan dei store folkemengdene. Ein tur opp til Buarbreen gir deg både nærblikk av breen, men også ein fin tur opp ein vestlandsk dal. Her kan du også sjå Folgefonna på nært hold. Husedalen er velkjend for mange, og det er spesielt mange utanlandske turistar som kjem for å sjå dei fire fossane Nykkjesøyfossen, Søtefossen, Tveitafossen og Nyastølfossen som ligg i utkanten av Hardangervidda nasjonalpark.
I nærleiken finn du også Dronningstien som er velkjend for mange sidan den er ein av favoritturane til dronninga. Lenger vest ved Jondal og Herand finn du også fotturar til Vikanuten, Samlen og kanskje den finaste av dem alle, Haugsvarden med nydeleg utsikt over Hardangerfjorden heile vegen opp til toppen.
Fleire fine turstiar langs vegen finn du i turguiden Outtt.