Attraksjon langs Hardanger
Skjervsfossen
På vegen mellom Granvin og Voss ligg Skjervsfossen. Skjervsfossen er ein av to fossar tett i tett med eit fall på 150 meter. Skjervsfossen byr på eit varsamt tilrettelagt nettverk av stiar, trapper, utsiktspunkt, kvileplassar, rast og parkering. Opplevinga av fossen varierer ut frå ståstad i landskapet, ver, årstider og vassmengde. Ved foten av fossen kan du oppleve ”Dusjen”, eit vakkert landskapsrom der kreftene frå fossefallet buldrar i kroppen. Her er det, som namnet seier, ikkje vanskeleg å få seg ein dusj når fossen er stor.
Delvis tilgjengeleg for rullestol.
Toalettet er dessverre stengd frå slutten av oktober til byrjinga av mai.